Episenter
Jakob Sande-senter for forteljekunst
Jakob Sande-senteret ligg i Klokkargarden i Dale og formidlar arven etter diktaren Jakob Sande. Her møtest litteratur, forteljekunst, språk og lokal kultur gjennom museum, utstillingar, arrangement og aktivitetar. Senteret er ein sentral del av Fjaler sitt episenter i Fjordkystparken.
Kvernsteinsparken
Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit friluftsmuseum og visingssenter for kvernsteinsbrota frå vikingtid og mellomalder. Her kan du utforske steinbrota, følgje formidlingsløyper og lære korleis kvernstein vart produsert og eksportert gjennom meir enn tusen år.