Historietimen - Den 4 000 år gamle grava på Seljesanden
OKT.
28
Onsdag 28. oktober
18:00 (CET)
Arrangert av Sagastad
Om arrangementet:
Under sanden på Seljesanden låg ei grav som hadde vore gøymd i rundt 4 000 år. Då arkeologane grov henne fram i 2023, fann dei ei hellekiste bygd av store steinheller, med levningar etter fleire menneske. Funnet er heilt spesielt: Ei slik grav var aldri før funnen på Vestlandet.
Kven var menneska som vart gravlagde her? Kvifor vart grava lagd nettopp på Selje, og kva kan funna fortelje om livet langs kysten for 4 000 år sidan?
I denne utgåva av Historietimen kjem arkeolog Morten Ramstad til Sagastad for å fortelje om utgravinga og om spørsmåla funnet har reist.
Ramstad er arkeolog og leiar for Fornminneseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen og var involvert i arbeidet med grava på Selje.
Tid: 28. oktober kl. 18.00
Stad: Sagastad Vikingsenter
Velkomen til ein kveld med ei heilt spesiell forteljing frå fortida vår!
Billett kjøper du på sagastad.no eller kom innom på Sagastad og kjøp i døra.
Foto: UiB/NTB