Færøykveld i Løa
OKT.
21
Onsdag 21. oktober
18:30 (CEST)
Arrangert av Jakob Sande - senter for forteljekunst
Om arrangementet:
Denne kvelden får vi bli betre kjende med det særmerkte øysamfunnet vest i havet gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar frå Færøyane.
Karin Flatøy Svarstad har gjennom meir enn 20 år med reiser, utveksling og samarbeid på Færøyane fått eit nært innblikk i kulturen og samfunnslivet der. Med bilete og forteljingar tek ho oss med til øyane og deler erfaringar frå det rike øysamfunnet.
Vi får òg besøk av Milja Hanusdatter, dotter til den færøyske musikaren Hanus G. Johansen, som kjem saman med mannen sin, Regin, og dei to små gutane deira. Regin vil by på ein liten smak av Færøyane, og det blir både song og færøydans leia av Jan Haugen.
Hanus G. Johansen hadde eit nært forhold til Dale og Jakob Sande. Han vitja Dale fleire gonger, lærte seg nynorsk og sette musikk til fleire av dikta til Sande. Hanus og Karin Flatøy Svarstad samarbeidde gjennom fleire år om å formidle færøysk kultur til det norske publikummet gjennom ord, bilete og musikk.
Sist Hanus vitja Fjaler, var under opninga av ei kunstutstilling i Villa Lidskjalv på Dalsåsen i 2023. Då hadde Sandesenteret med fleire ei sommarutstilling med verk av Sivert Sunde, og Hanus framførte diktet Likfunn.
Hanus gjekk bort i 2025. Denne kvelden blir difor òg ei varm musikalsk og kulturell helsing til han og banda mellom Færøyane og Fjaler.
Inngong 150,-