Frode Grytten i samtale med Erlend Loe. Strømming fra Litteraturhuset i Oslo.
GRATUIT

Frode Grytten i samtale med Erlend Loe. Strømming fra Litteraturhuset i Oslo.

SEP
30
mercredi 30 septembre
19:00 (CEST)
Organisateur
Organisé par Kragerø Bibliotek
About event

I samtale med Erlend Loe om vrange menn og kvinner, bretturisme og bygder som vil på kartet.Ordføreren og investorene vil gjøre Odda Great Again i Frode Grytten sin nye roman Vinter, vinter, vinter, vår. Politikerane pressar på for å bygge hotell og gondolbane i den naturskjøne bygdebyen innerst i Hardangerfjorden, noko som splittar dei som bur der. Ikkje minst ekteparet Olga og Martin, som driv restauranten Buarheim like ved isbreen. Martin er kompromisslaus og nektar å servere politikarane, mens Olga er pragmatisk og på gli. Den kvelden kommunestyret kjem for å ha julebordet sitt på Buarheim går Martin ut i vinternatta, vekk frå deira felles heim, og forsvinn i alt det kvite. Det er siste gongen Olga ser han.Etter å ha vunne Brageprisen for romanen Den dagen Nils Vik døde er Frode Grytten tilbake med ein ny roman som loddar djupnene i livet og sorga, samtidig som den glimrar av eigenarta, underspelt gryttensk humor. Eit elegant portrett av ein familie og eit bygdesamfunn, samt ei spennande forteljing om kampen mot kreftene som vil øydelegge alt som gjer det verdt å leve.Frode Grytten er forfattar og litterær altmuligmann, med både noveller, fotballpoesi, romanar, reiseskildringar og essay på samvittigheita. Han skriv underspelt humoristisk om sosiale tematikkar og kvardagen i ei industribygd, om kjærleik og mannsrolla, om fellesskap og om undertrykte kjensler.På Litteraturhuset møter Grytten forfattar Erlend Loe til samtale om vrange menn og kvinner, bretturisme og bygder som vil på kartet.Samtalen blir direktesendt til en mengde bibliotek rundtom i Norge.
Map location

Link copied!