Jol på Sagastad 2026
NOV
21
Saturday, November 21
12:00 PM (CET)
Hosted by Sagastad
About event:
Jol på Sagastad 2026 – Ei førjulshelg for heile familien!
Etter fjorårets braksuksess med over 250 besøkande, er «Jol på Sagastad» offisielt ein tradisjon! I år utvidar vi til heile to dagar, og inviterer små og store vikingar til Sagastad laurdag 21. og søndag 22. november.
Her vert det trivelege dagar med aktivitetar, julehandel, kafé, vikingar, eit gjensyn med verdas tøffaste VIKING-peparkakelandsby og mykje moro frå Lurken sitt univers!
Tid: 21. og 22. november kl
Stad: Sagastad Vikingsenter
🏰 VIKING-peparkakelandsbyen
I fjor bygde barnehagar, skular og private ein peparkakelandsby på heile 14 kvadratmeter, og i år satsar vi på at den blir endå større! Bli med å bidra til utstillinga (kanskje verdas største i sitt slag?) og vinn flotte premiar. Hugs å levere ditt meisterverk på Sagastad i god tid før arrangementet.
🐉 Lurken-løype og boknyheiter
Bli med på den spennande«Lurken-løypa» inne i senteret! Forfattarane Vegar og Marion er på plass, og i år ryktast det at vi kanskje får ein nyhet?
🎁 Marknadsboder og julehandel
Kombiner besøket med årets julehandel! Vi får besøk av ei rekkje lokale utstillarar og marknadsboder som sel flotte, kortreiste og handlaga varer. Dette er den perfekte sjansen til å finne dei unike julegåvene til dei som har alt. (Følg med i arrangementet her på Facebook – vi slepper utstillarane etter kvart som det nærmar seg!)
Sagastad-butikken er sjølvsagt også open og fylt med flotte vikinggåver. I kaféen byr vi på mellom anna deilig bakst, julegraut og den magiske Volvedrikken som garanterer evig ungdom, pågangsmot og rykande god jolestemning.
Ta turen for ei litt annleis førjulshelg, og lær om korleis vikingane si Jol har vorte til dagens julefeiring.
Velkomen skal de vere!